
I mars/april 2025 starta Askrova Bygdelag å bygge badstue ved kroa på Askrova. Badstugruppa vil takke alle som har bidratt med bygging og anna dugnadsarbeid!
Publisert 07.10.2025
På årsmøte i Askrova Bygdelag 2023 blei det foreslått å bygge badstue på øya, noko som årsmøtet var positive til. Etter mange søknader om økonomisk støtte og fleire avslag, fikk vi 40 000 kr av Sparebanken Vest hausten 2024.
Badstugruppa med representantar frå heile øya var på befaring og sjekka ut mogleg plassering, og bestemte endeleg å sette den ved butikken/kroa.
Byggesett av tønnebadstua Husavik blei bestilt frå Polhus i desember, og bygginga starta opp med dugnad i mars/april 2025.
Badstua blei først malt raud (som ei sjøbu) men fekk seinare ei lysgrågrønn farge. Etter eit par dager med heftig vind i juni blåste deler av tak-shingelen av (noko vi frykta), og i august ble det lagt nytt aluminium takdekke.
Ovnen blei montert i juni, og 25 m trekkrøyr til straum var montert under kaia i august. Straumkabel blei trekt, tilkobla til ovnen og testa i september, med påfylgjande trådlaus nett-tilkobling til kroa for at automasjonen til ovnen kunne bli kobla til vår nettbaserte booking- og betalingsteneste levert av Flake og Nets.

Askrova Bygdelag - Sauna
Det er med stor glede vi kan melde om at sauna på Askrova no er klar til bruk! Stor takk til Badstugruppa og alle som har bidratt med dugnad!!
© 2025 Askrova Bygdelag

