SALGSVILKÅR, Askrova Sauna pr okt. 2025
FORBRUKERKJØP
Forbrukerkjøp er regulert i forbrukerkjøpslova, angrerettlova, markedsføringslova, personopplysningslova, e-handelslova og kredittkjøpslova mm. Sjekk ut lovdata.no for meir info. Men - hugs at vi driv dette på dugnad og har ingen på kontor for å returnere penger etc. Derfor håper vi at du kun bestiller / booker når du veit at du kan nytte timen din :)
Når du booker på nettsida vår og legg inn bestilling, godtek du samstundes vilkåra våre. Før bestilling: dobbeltsjekk at du har forstått vilkåra. Priser og tider som er på nettsida er ikkje nødvendigvis alltid tilgjengelig. Vi reserverer oss rett til å kunne endre og eventuelt slutte å selge eit produkt når vi ynskjer det. Vi vil også kunne endre vilkåra ved behov utan førhandsvarsling. Men slapp heilt av: Dei vilkåra som ligg på nettsida når du bestiller, er dei som gjeld for di bestilling.
PRIS
Ved bestilling på nettsida gjeld dei priser som står der. Alle prisar er i norske kroner (NOK). Skulle det vere openbar feilprising pga. teknisk eller menneskelig feil reserverar vi oss rett til å slette bestillinga og betale deg tilbake.
BETALING
Du kan betale på forskjellig vis:
Kontantar er gått av moten og kan ikkje nyttast (kun i form av tips til dei som vasker). Askrova Bygdelag har ikkje tilgang til kortinformasjonen din og kan ikkje registrere eller lagre kort/kontoopplysningane dine.
KJØPSVILKÅR OG KUNDEOPPLYSNINGAR
For å handle med oss må du godta vilkåra våra. Når du godtek vilkåra forpliktar du deg til å følge dei, du godtek å ha lest informasjon om vår handsaming av personopplysningar og gir samtykke til bruk av informasjonskapslar. Ei booking er kun gjeldane når du har motteke ordrestadfesting frå oss på epost. Du må love at opplysningane du fyller ut, er rette og fullstendige. Du har ansvar for at dette er korrekt utfylt.
AVBESTILLING OG ENDRINGAR
Angrerett for tenester gjeld ikkje ved enkeltståande tenester som skjer på eit bestemt tidspunkt eller innafor ei bestemt periode, jf. angrerettlova § 19. Ei booking hos oss følger samme prinsipp som ved kjøp av kino- eller konsert-billett. Reservasjon kan kostnadsfritt bli overført til eit anna namn, men kan ikkje bli heva.
KANSELLERING OG VÊRFORBEHALD
Om det skulle skje at Askrova Bygdelag ikkje kan gjennomføre bookinga grunna tekniske feil eller andre utanforståande årsak blir reservasjonen kansellert og du får tilbake pengane for din reservasjon. Vi kan ikkje garantere for vêrtilhøva. Ved ekstremvêr og andre force majeur situasjonar slik som straumstans, pandemi, krig, opprør, blokade, naturkatastrofer, streik, lock-out, importrestriksjonar, hyperinflasjon, ran, innbrudd, framandinvasjon og apekoppar, vil kunde ikkje få refundert betaling for booking som ikkje kan nyttast.
ALDERSGRENSE
Hos oss må alle som booker vere over 18 år. Gjestar under 18 år må vere i følge med føresette.

Askrova Bygdelag - Sauna
Det er med stor glede vi kan melde om at sauna på Askrova no er klar til bruk! Stor takk til Badstugruppa og alle som har bidratt med dugnad!!
© 2025 Askrova Bygdelag

