Retningsliner for bruk

Askrova Sauna er eit sjølvbetent tilbod som blir drive på dugnad av bygdelaget. For å booke og nytte badstua må du fylgje dei retningsliner som gjeld her:

All bading og bruk av badstua er på eige ansvar.

  • Bading - Bad aldri aleine! Ha alltid med nokon som kan bistå om noko skulle skje når du bader. Hald deg alltid nær badestigen når du bader. Vær OBS på straumtilhøva - ved sterk straum: bruk line festa i land eller unngå å bade!
  • Ha kun ferskvatn på ovnen - Dette er særs viktig slik at ovnen ikkje blir øydelagt. Ferskvatn kan fyllast frå dusj/vasslange ved "fiskemottaket".
  • Handkle - Ha med to handkle pr person. Av hygieniske omsyn er det eine til å sitte på inne i badstua.
  • Alkohol - Vi anbefaler generelt ikkje å kombinere alkohol med badstue eller bading. Ved privat booking (ikkje drop-in) er det likevel tillete med 2 einingar pr person. Unngå drykk som set farge på treverket. Det er ikkje tillete å drikke utanfor badstue/garderobe. Synleg rusa personer kan bli nekta adgang.
  • Snacks - Medbrakt snacks kan nytast, men av hygieniske årsaker: ikkje spis inne i badstua.
  • Toalett - Det er ikkje eige toalett tilknytt badstua. Urinering utanfor badstue/garderobe er av hygieniske årsaker ikkje tillete.
  • Søppel - Rydd opp etter deg før du forlater badstua. Ta med heim eige søppel. Hald det fint og ryddig slik at det er klart til dei neste gjestene.
logo

Lenker

Askrova-SAUNANyhende!RetningslinerVilkår

Kontakt oss

Org.nr 989 565 699


Askrova Bygdelag - Sauna

Det er med stor glede vi kan melde om at sauna på Askrova no er klar til bruk! Stor takk til Badstugruppa og alle som har bidratt med dugnad!!

© 2025 Askrova Bygdelag

Visa logoMastercard logo